Meny
Kursportalen
Grønn feminisme

Grønn feminisme: Senterkvinnenes politiske plattform 2024-2028

Sist endret: 19.12.2023

Opptakta til 2024 sitt store eventyr, landsmøtet i Senterkvinnene, startar no. Den store saka på dette landsmøtet er Senterkvinnene sitt program. Programmet er både eit dokument som viser kva organisasjonen vår meiner i viktige spørsmål og “mandatet” me sender med vår representant inn i komiteen som skal laga utkastet til det neste stortingsvalsprogrammet til Senterpartiet. Trykk på knappen under for å åpne dokumentet:

Senterkvinnenes politiske plattform

Sentralstyret sette i haust ned ein komite, som har arbeidd fram eit foreløpig forslag til nytt program. Nemnda har bestått av Kjersti Haugland (sentralstyret/Hordaland), Liv Marit Holt Gausdal (Østfold), Marlene Berntsen Bråthen (Troms), Sølvi Dimmen (Møre og Romsdal) og Signhild Stave Samuelsen (sentralstyret/Rogaland).

Mandatet dei fekk frå organisasjonen, var å laga eit framlegg til program som tok utgangspunkt i eksisterande program, men som samstundes er spissa og forkorta i forhold til eksisterande. I tillegg ynskja organisasjonen at det blei utarbeidd nye kapittel på kvinnehelse og beredskap. Nemnda leverte sitt utkast til Sentralstyret i slutten av november. Dette forslaget har Sentralstyret så redigert noko på, og det er dette framlegget frå Sentralstyret som no vert sendt på høyring i organisasjonen.

I programutkastet er det lagt opp til særleg to diskusjonar: ein om atomkraft og ein om skatt på barnetrygd. Desse spørsmåla blir fylgde opp med webinarar i løpet av våren, og me oppmodar også fylka til å ta diskusjonen på sine årsmøter. Inviter gjerne til innleiing om eit eller fleire av desse temaa Det er lagt opp til at fylkeslaga (og andre) kan køyra programmet som studiering. Derfor er det utarbeidd nokre følgespørsmål til kvart kapittel. Spørsmåla er meint til å skapa refleksjon og diskusjon, og er forhåpentleg til inspirasjon til eventuelle endringsforslag (dokker treng med andre ord ikkje levera inn svara på spørsmåla). Desse spørsmåla står i tekstboksar etter kvart kapittel, og er ikkje meint å vera ein del av sjølve vedtaket på landsmøtet.

Fylkeslaga og utsendigar til landsmøtet har høve til å koma med framlegg til plattforma. Endrings-, tilleggs- og strykingsforslag må merkast med linenummer, og framlegga må vera ferdigformulerte for at dei skal verta tekne opp til vurdering. “Punktet bør skrivast om” er ikkje eit framlegg, med andre ord, mens “legg til ordet “ikke” i denne setninga på line X” er det. Frist for innmelding av endringsforslag er 1. mars. Sentralstyret har som mål at dokker skal få innstillinga innan 6.mars - delegasjonsmøtene bør derfor vera etter dette.

Me vonar dokker vil køyra studiering på programmet. For at det skal kvalifisera for studiestøtte, må kurset samla vara minst 4 timar totalt, og minst 4 deltakarar må delta i minst 75% av tida kvar.

Lykke til med viktig arbeid!